Skogbruksplan Sunnfjord 2025-2026

Skogbruksplan Sunnfjord

Alle som skal levere sertifisert tømmer frå og med 2026 må ha skogbruksplan med miljøregistreringar

Fjordtømmer oppfordrer alle skogeigarar i Sunnfjord til å melde seg på skogbruksplan som er under utarbeiding i desse dager.

Skogbruksplanen blir støtta med tilskot og satsen er 50%. Eigenandelen kan dekkjast over skogfondkonto.

  • Skogbruksplanen vil gje deg ei verdifull ressursoversikt

  • Skogbruksplanen vil gje deg forslag til tiltak i skogen din dei komande åra

  • Skogbruksplanen vil hjelpe deg å støtte krava i PEFC når det kjem til miljøregistreringar (MIS)

Fjordtømmer krever påmelding til skogbruksplan for alle som skal gjennomføre entreprenørhogst eller eigenhogst frå og med sesongen 25-26.

Dersom du har spørsmål til påmelding eller problem med påmelding ver venleg og ring medlem av takstutvalet i Sunnfjord, Martin Braanaas tlf 45850823, Epost martin@fjordtommer.no

Martin Braanaas