Velkomen med på laget!

Dette er oss i Fjordtømmer! f.v Ingunn Kjelstad, Tom Kristian Hestad Kårstad, Tarje Kusslid, Tarjei Mikkelsen, Martin Braanaas, Endre Velken, Åsmund Hjelmeland

Nyleg har Hjelmeland Hogst og Service AS kjøpt aksjar i Fjordtømmer, og har samstundes flytta sin driftskapasitet til produksjon for Fjordtømmer. Hjelmeland Hogst og Service AS er eigd av Åsmund Hjelmeland frå Kvinnherad, og Endre Velken frå Granvin. Dei to unge entreprenørane har lang fartstid i skogen og har opparbeida eit solid selskap med god produkjsonskapasitet. I tillegg til dyktige ansatte og to hogstlag, tilfører dei gravemaskiner, Timbermax traksjonsvinsj og lastbærarmontert flishoggar til Fjordtømmer sin hogstkapasitet. Hjelmeland Hogst og Service har eit svært godt rykte og god standing i lokalmiljøet. Dei er ein solid entreprenør med fokus på produktivitet, men også på omdøme og relasjonar. Dette er samarbeidspartnarar som vil tilføre mykje godt til Fjordtømmer, i form av auka produksjon, utviding av geografi og nettverksbygging. I desse dager høgg karane sitt første oppdrag på Melstveitåsen i Kvam kommune, som medeigarar og drivarar for Fjordtømmer.

Martin Braanaas