Vår miljøpolitikk

 

Fjordtømmer vil gjennom si verksemd bidra til at skogeigarane vi kjøper tømmer frå driv eit bærekraftig skogbruk som aktivt utnyttar skogen sitt potensial som fornybar ressurs, bevarer det biologiske mangfaldet og ivaretek skog- og utmarksareala si betydning for kultur, miljø og friluftsliv. 

Fjordtømmer skal ikkje direkte eller indirekte være involvert i nokon av følgjande aktivitetar: 

  • Ulovleg hogst eller handel med ulovlig tre eller skogprodukt 

  • Brot på tradisjonelle - og menneskerettar relatert til skogbruket 

  • Øydelegging av skog med høge verneverdier (nøkkelbiotopar) 

  • Vesentlig konvertering av skog til ikkje-skog bruk 

  • Innføring av genmodifiserte organismar i skogbruket 

  • Brot på nokon av ILOs kjernekonvensjonar som er definert i ILOs erklæring om grunnleggande prinsipp og rettar i arbeidslivet 

I Fjordtømmer si daglege drift skal innsatsfaktorar, produkt og prosessar gjennomførast på ein slik måte at miljøet ivaretakast. Fjordtømmer vil dokumentere sitt miljøarbeid for å skape grunnlag for en open dialog med våre omgjevnader. 

Fjordtømmer skal arbeide aktivt med å formidle kunnskap om miljøspørsmål til skogeigarane. 

For å realisere dette vil vi i vår verksemd: 

  • Følgje gjeldande lover og forskrifter.  

  • Følgje Norsk PEFC Skogstandard.  

  • Ha ei leiing som prioriterer tiltak og midlar for utvikling og forbetring av miljøarbeidet ved å sette tydelege mål, og ettersjå at desse vert nådd.   

  • Ha eit miljøstyringssystem som tilfredsstiller krava i NS-EN ISO-14001.   

Årsrapport frå Det Norske Veritas for Fjordtømmer 2022