Entreprenøren er nøkkelen til ei vellukka skogsdrift.

 

Vi i Fjordtømmer trur på eit tett samarbeid mellom skogeigar, entreprenør, transportør og administrasjon. Med dette oppnår vi eit samarbeid om å få tømmeret frå stubbe til industri. Den enklaste måten å oppnå eit slikt samarbeid, er gjennom ærlig informasjonsdeling og ansvarsfordeling i verdikjeda. Vi ønsker gjerne å la entreprenøren få moglegheiter til å planlegge og gjennomføre driftene sine sjølv, og legg stor vekt på den kompetansen som sitter hos den som er ute i skogen kvar dag.

I samarbeid med Fjordtømmer ønsker vi at entreprenørane skal oppleve eit handlingsrom som ein ikkje finn andre plassar.

I Fjordtømmer ønsker vi å formidle at det ligg eit stort forretningsspotensiale i skognæringa på Vestlandet, som er ulik alle andre skognæringer.