Effektive og presise leveransar

 

Fjordtømmer har i oppdrag å gjere tømmeret frå Vestlandet meir verdifullt. Eit viktig ledd i dette er å gjere tømmertransporten meir kostnadseffektiv, til fordel for heile verdikjeda.

Å få til effektiv logistikk på vestlandet er svært krevande, ikkje minst for tømmertransport. Vekslande driftssystem med maskiner i skogen, tømmerbil på veg og tømmerskip til sjøs, gjev ein samansett logistikk, som krev tett samhandling mellom alle ledd.

I Fjordtømmer ønsker vi oss transportørar som vil vere med på å skape ein effektiv kvardag, med velteplassar som tømmast fortløpande og tømmerflyt i sentrum.

God planlegging og kort veg frå skog til sjø, gir fridom i form av forutsigbar arbeidsmengd, god utnytting av transportkapasiteten og betre inntjening pr bil.