Betre økonomi gjennom grundig planlegging

Ei av fanesakene til oss i Fjordtømmer er å forsøke og forbetre økonomien til skogeigar, entreprenør og transportør. Dette kan gjerast gjennom å jobbe for å ha ein stabilt god tømmerpris, og spare kostnadar gjennom effektiv administrasjon, effektiv logistikk og ikkje minst god planlegging.

Det er gamal kunnskap at den enklaste måten å tjene pengar, er å spare pengar. Når skogeigaren får oppgitt ein tømmerpris, er denne temmelig samansett, og det er allereie trekt frå mange kostnadar før prisen når deg. Båttransport, biltransport, kaileige, handtering på kai, lagerleige og administrasjon til dømes. Vi i Fjordtømmer skal spare inn på kostnadane så mykje som råd, gjennom kortare båt- og biltransport, enkel tømmerhandtering og billeg, effektiv administrasjon. Dersom vi får til dette, vil vi kunne tilby ein høgare tømmerpris til dei som leverer tømmer til oss.

Det neste grunnleggende elementet, som skal til for å forbetre økonomien i skogbruket er grundig planlegging. Den personen som planlegger skogsdrifter i eit område, legger grunnlaget for effektiviteten til heile verdikjeda som kjem etterpå. Det seier seg sjølv at dette er eit sårbart system, og svært personavhengig. Fjordtømmer ønsker å forbetre den overordna planlegginga, og tillegge mykje av detaljplanlegginga og den praktiske administrasjon til entreprenør og transportør. Det er mykje meir effektiv og brukarvennleg å legge opp til direkte kontakt mellom skogeigaren og dei som skal utføre jobben, enn å gå via eit kontor i byen. Dette krever flinke og ansvarsbevisste entreprenørar og transportørar, noko vi har mange av på Vestlandet. Det seier seg sjølv at dei får kompensasjon for denne ekstra tenesta.

Fjordtømmer ønsker å organisere hogst og anna aktivitet i skogen gjennom kampanjemodellen. Det vil sei at vi planlegger aktiviteten vår områdevis/kommunevis, istadanfor å hoppe nervøst rundt frå kommune til kommune. Konsentrert aktivitet vil definitivt hjelpe til å spare kostnadar, og heve tømmerprisen. Det vil også ha ein annan effekt, lågare driftsprisar, på grunn av betre forutsigbarheit for dei utførende aktørane. Her har skogeigaren stor påverknadskraft, gjennom å samorganisere seg med naboar, og melde seg på våre kampanjar.

Martin Braanaas