Nytt ansikt i Fjordtømmer

Ruben Holsæter (28) frå Førde, byrja 1. oktober som virkeskjøper i Fjordtømmer. Ruben er i tillegg bonde, på ein gard på Masdalsgjerdet i Førde, der han driv med sau. Mange kjenner nok Ruben som ein lovande fotballspelar for Sogndal, og dette er ein fin isbryter når han no skal rundt om i fylket og diskutere skog med grunneigarar.

Ruben er ein svært sosial og likandes kar, noko vi andre i selskapet set pris på. Han er kjapp i hovudet og har ei løysingsorientert haldning som kan kome godt med under planlegging av skogsdrifter. Når det gjeld å opprette kontakt med nye personar gjennom sitt virke, er han suveren.

IMG_2550.jpg
Martin Braanaas