Fjordtømmer oppover og framover!

I august i 2019 starta vi med omsetjing av tømmer frå vestlandet, gjennom vår merkevare Fjordtømmer. Med på laget er Sunnfjord Skog, WoodinWest og Glommen Skog as. Eit år har gått, men ikkje beint fram. Oppstarten av vårt hjertebarn var tima og tilrettelagt til å treffe alle fartsdumpar der ute. Grunnen til at norsk skogbruk, og vestlandsk skogbruk spesielt, har vore ustabilt siste året, er katastrofale stormfellingar og barkebilleangrep, som har ramma skogane i europa og aller hardast i sentraleuropa. Omlag 200millionar kubikkmeter gran har blitt drept av billene, nesten 20 gongar Norges totale årlege tømmeravvirking. Hastverket med å få denne skogen av rot og inn til sagbruka, øydela det gode tømmermarkedet vi så flyktig opplevde i overgangen 2018-19. Då vi skulle forhandle fram avtalar om avsetning av tømmer i august i fjor, hadde vestlandet nett vore gjennom ein periode med hogststopp pga overproduksjon og kjølig eksportmarked. Det var med andre ord ikkje mangel på tømmer i markedet som gav oss innpass, men fordi det er fleire der ute, som har trua på Fjordtømmer sin visjon.

Så vart det 2020, og etter eit par månadar var pandemien over oss, vi trakk pusten og gjekk inn for eit djupdykk.

August, vi har nådd overflata igjen. Til liks med dei fleste, har vi hatt stopp av driftsapparatet i lengre periodar i sommar. Tømmerleveransar har blitt avlyst, båtanløp forskyvd, leveringskvotar innskrenka. Til tross har tømmerprisen greidd seg kjempebra, i alle fall hos oss. Tømmermarkedet er globalt, og siste års dønningar ryster «alle», men det er ikkje til å stikke under ein stol at den vestnorske skogbruksmodellen med ensarta sluttavvirking av kulturgran, tømmerkaier og eksportbasert avsetning, kjenner dønningane ekstra godt. 

Denne sårbarheita har vi fått føle på siste året, og vi har blitt endå meir overtydd om at den noværande modellen ikkje er bærekraftig på lang sikt. Skal vi få ei reell prisheving på tømmerressursen som veks fram, må vi ta grep og bygge opp om eigen aktivitet. Vi er styrka i trua på arbeidet vi gjer kring utgreiing av trefiberindusti på vestlandet, med lokalt tømmer som råstoff.

Bli med oss, og ta tømmeret heim att.

foto: Kurt Myklebust

foto: Kurt Myklebust

Martin Braanaas