Julehelsing

Avvirking i Årdalen med Sunnfjord Skog AS

Vi i Fjordtømmer ønsker våre kundar og leverandørar god jul og godt nyttår. Det har vore eit fantastisk år i skogen på vestlandet, med lange periodar med tørt stabilt vær, stor etterspørsel etter tømmeret vårt, og aukande prisar. Mykje av arbeidet som er gjort i 2021 vil vi nyte godt av i åra som kjem. Ein kan ikkje gløyme viktigheita av lange stabile relasjonar i verdikjeda, sjølv om gode tider opner mange nye spanande dører. Prioritet nummer ein for Fjordtømmer, er å sikre stabil avsetning og den beste prisen, for tømmeret vi omsetter, uansett konjunktur. Dette tjener alle marknadsdeltakarane på.

Fjordtømmer har bygd og oppretthalde svært høge marknadsandelar i områda vi opererer. Det viser at vi har tillit frå våre leverandørar som er skogeigarane. Det er vi veldig stolte av.

Vi ønsker 2022 velkomen, med det som heilt sikkert vil bli mange gode nye relasjonar, og skoggeografiar.

Hjartleg julehelsing

Ingunn, Martin, Tarje og Tom Kristian

Martin Braanaas